top of page

Spar ca 40% av kostnaden

Oppdatert: 6. sep. 2022


Endeleg kan eg informere meir om Urea Gjenbruk!! Då vi starta forsøka i 2020,håpte eg at vi ville kome så langt,at ein ved å blande Urea Gjenbruk,ureasehemmer og svovel inn i husdyrgjødsla,hadde ein komplett "Fullgjødsel". Det ser ut til at vi er der no! Det er 6-7 år sidan, eg vart oppmerksam på at det vart bruk urea i fiskeindustrien og at restproduktet vart brukt som Nitrogen kilde. Mykje av ureaen har blitt kjørt til bønder i Sverige og Dannmark,som har blanda det i husdyrgjødsla og brukt det i open åker, mest i kornproduksjon. Urea N 46 (46 % Nitrogen) som er levert bl.a frå Yara, blir brukt i prosessen for utvinne Omega 3 olje. Restproduktet (Urea Gjenbruk) inneheld litt fiskeolje sammen med Urea. Nitrogenkonsentrasjonen er 31 % (N 31).

FELTFORSØK: Så langt eg veit ,er det ikkje gjort noko større forsøk i Norden,på om ein kunne nytte urea i denne form blanda med husdyrgjødsel og spred på etablert grasmark. Hogstein Agro AS ,har leigd NLR Vest ved Olav Martin Synnes til å gjere forsøk ,der ein har blanda husdyrgjødsel saman med forskjellige mengder Urea Gjenbruk,ureasehemmer og svovel. Gjødsla har blitt spredd med bladspreder over heile forsøksrutene. Forsøket har gått over tre år (2020-2022). Det er kjend at nitrogenet i urea kan lettare å fordampe spesielt ved speiing i tørt og varmt ver. Difor har vi brukt ein ureasehemmer som sikrer mot fordamping dei første dagane ,slik at graset kan ta opp nitrogenen i ureaen. Det er fleire produsenter av ureasehemmer. Vi har brukt ein som var i pulverform. (Kan og leverast i veskeform) Ved bruk av ureasehemmer fekk ein i forsøket ein betydelig avlingsauke! Det kan og nemnast,at bla i Tyskland er det påkrevd å bruke ureasehemmer. SVOVEL Vi arbeider litt til med å finne ein svovel forbindelse som er konsentrert,sikker og som løyser seg raskt i husdyrgjødsla.Vi har ei løysning i dag,men arbeider med å finne den mest kostnadseffektive. Alternativt,kan ein reduserer litt på bruken av Urea Gjenbruk f.eks til 80 % av N behovet og overgjødsle med Svovelholdig Nitrogengjødsel som OPTI NS 27 (4% S) eller SULFAN 24 N (6% S).

TRANSPORT/LAGRING: Urea Gjenbruk vil bli for det meste levert på garden i bulk. Ca 9-14 tonn i kvar container. Om ein ikkje treng så store kvanta,skal vi finne løsninger med nabo samarbeid. Urea Gjenbruk har ein egenvekt påta 0,7 har ein konsistens som grov melis og løyser seg lett ut i gjødsla. Transportør vil kunne kjøre ut tre containere pr tur,ein på bil og to på henger. Då kan ein parkere henger og kjøre ut på garden etter behov. Om det er slik praktisk,så kan ein tømme rett i den utvendige gjødselkummen,eller ei tømmer ved siden av kummen og ein lesser opp i kummen med frontlaster eller lignande. Det beste vil vere få ha fast dekke der ein tømmer lasset,eller ein legg ut ei presenning ca 10x5 meter . Om ikkje alt blir lest opp i gjødsla,bør ein legge over ei presenning og dekke til med paller eller dekk. Det vil vere behov for å levere Urea Gjenbruk ut på gardane gjennom heile året. Det vil ikkje vere noko problem å røre inn Urea Gjenbruk på hausten og når ein rører gjødsla før utkjøring på våren,så tilsett ein Ureasehemmer og eventuellt Svovel. Urea Gjenbruk blander seg lett i husdyrgjødsla,som «sukker i teen»

TEST AV NITROGENMENGDE: For å vere sikker på mengde nitrogen i den ferdigblanda husdyrgjødsla,bør ein ta prøver av gjødsla. Ein kan sende dei inn til labratorie ,det ser ut til at eit labratorium i Ålesund kan analysere slike prøver. Ellers så kan ein sende inn prøver til Eurofins. Det vil vel gå ca 7 dager før ein får svar. Eg prøver og ut ein tester som gir resultatet på 5 min,denne ser ut til å vere ganske nøyaktig. Har sendt inn fire gjødselprøver med ulike mengder Urea Gjenbruk til eit labratorium og testa samme gjødselprøvene med hurtigtesten. Resultata var så like ,at eg trur hurtigtesten vil vere god nok. Skal gjere forsøket ein gong til ,før eg vil anbefale bruk av hurtigtesten.

MENGDER: Når det gjeld kor mykje Urea Gjenbruk ein treng, så har denne ein nitrogen konsentrasjon på 31% (N 31) Utifrå gjødselplan for vår gard med eit total Nitrogen behov pr år på ca 24-25 kg N pra da. (To slåtter) Vi bruker ca 4 +2 m3 med husdyrgjødsel ,då tilfører ein ca 6-8 kg N ,så då vil N behovet frå Urea Gjenbruk vere ca 17-19 kg N ,då må ein tilføre 50-60 kg Urea Gjenbruk pr da. Pr år. Dette berre som eit eksempel,her må ein ta utgangspunkt i gjødselplanen på garden. Det vil sjølvsagt også på ein del jordtyper ,vere behov for å tilføre meir kalium,dette vil jordprøver vise. Eg vil og anbefale at ein oppdaterer gjødselplanen ved bruk av Urea Gjenbruk.

SPREDEMETODE: Det vil fungere godt å spre gjødsla med «fanespreder», men å få lagt gjødsla ned på bakken eller nedfeller vil vere det beste om ein bruk urea eller ikkje. På garden vår,har vi brukt kun husdyrgjødsel blanda med Urea Gjenbruk ,ureasehemmer og svovel (2022) på over 300 da kvart år dei siste tre åra med godt resultat.

RESULTATER: Resultata frå forsøka til NRL Vest,vil bli lagt fram innan kort tid. 2.slåtten av feltet blir gjort i neste veke. Fullstendig forsøksrapport vil bli lagt ut på heimesida/Facebook til Hogstein Agro AS I forsøket er det blitt brukt Fullgjødsel i nokre forsøksruter slik at ein kan sammenligne avlingsnivå. På 1.slåtten av forsøksfeltet i år(2022) har ein fått avlinger på forsøksrutene med husdyrgjødsel,Urea Gjenbruk,ureasehemmer og svovel som var på høgde med avlingsnivået der det berre har blitt brukt fullgjødsel. SÅ DET BLIR SPENNENDE Å SJÅ RESULTATET FRÅ 2. SLÅTTEN!

INFORMASJON: Det er under utarbeiding ei eiga heimeside/Facebook for Hogstein Agro AS ,som vil stå for salget av Urea Gjenbruk,ureasehemmer og svovel. På den sida vil ein finne all info og praktiske råd om bruken av Urea Gjenbruk. Heimesida til Hogstein Agro AS vil og ha ulike kalkulatorer for beregning av mengder urea ved ulike mengder husdyrgjødsel. Vil og utfordre Agrilogg ,om dei kan ta det inn i sitt system. Utover haust /vinter vil det bli fagmøter om det skulle vere interesse for det,då sammen med NLR og andre fagpersoner. Eg vil og reise rundt og besøke kunder utover haust og vinteren og vere behjelpelig med praktiske tips og beregninger.

PRIS: Då forsøka starta i 2020,var situasjonen i gjødselmarkedet heilt annaleis enn i dag. Også prisen som fiskeindustrien betaler for Urea N 46 har hatt minst samme prisstiging som anna kunstgjødsel. Ettersom prisen og tilgangen på alle innsatsfaktorer i fullgjødselproduksjonen i Europa,har blitt endra,er det mange som ser etter alternative råvarer. Difor får og fiskeindustrien som bruker urea,spørsmål frå firma i Europa,som vil kjøpe denne ureaen. Dette påvirker og prisen på Urea Gjenbruk. Hogstein Agro AS vil kunne levere Urea Gjenbruk til ein nitrogenpris som vil ligge ca 40%under nitrogen prisen på N gjødsel .Så prisen vil følge utviklinga i markedet. Fraktkostnadane,vil ligge omlag på nivå med frakt på fullgjødsel. Hogstein Agro AS har ein langsiktig avtale med ein større aktør i markedet ,og den mengden Urea Gjenbruk som er avtalt ,vil dekke nitrogenbehovet på ca 20-25.000 da pr år

. BESTILLING OG SPØRSMÅL: Ring 91395408 eller Mail post@hogsteinagro.no

bottom of page