Produkt

UREA Gjenbruk

UREA Gjenbruk, eit resirkulert nitrogenprodukt som blir blanda i husdyrgjødsel og brukt i gras- og kornproduksjon. Inneholder ca 30% nitrogen.
 
Utgangspunktet er Urea N 46, som blir produsert av blant andre av Yara. Ureaen har blir brukt i ein prosess for å spalte fiskeolje til Omega 3 olje.
Om produktet

Kva er UREA Gjenbruk?

Urea (karbamid) har kjemisk formel CH₄N₂O og inneheld 46 % nitrogen. Det brukast som hjelpestoff i Omega-3-industrien, og etter bruk inneheld produktet framleis ca. 30 % nitrogen.

UREA Gjenbruk ser ut som snø, med nokre lett gule parti med restar av feittstoff. Fettet er destillert og lett nedbrytbart i naturen. Litt feitt kan flyte opp på toppen etter innblanding i blautgjødsel – dette er normalt.

Fakta om produktet

Kjemisk namn

Karbamid (Urea)

Kjemisk formel

CH₄N₂O

N-innhald – standard urea

46%

N-innhald – UREA Gjenbruk

~30 %

Levering

Bulk / container

N-innhaldet kan variere noko mellom leveringar. Ta kontakt for aktuell analyse av gjeldande batch.

feltforsøk

Fire år med feltforsøk

I fire år har NLR Vest gjennomført forsøk i eit stort forsøksfelt, der ulike mengder UREA Gjenbruk, ureasehemmar og svovel er testa – blanda med husdyrgjødsel – og samanlikna med bruk av fullgjødsel.

Resultata viser at ei rett blanding av husdyrgjødsel, ureasehemmar og svovel har gitt avlingar på høgde med kun bruk av fullgjødsel.

høgstein agro as

Brukt på eigen gard i seks år

På garden vår har vi brukt UREA Gjenbruk på ca. 700 dekar dei siste seks åra – med godt resultat. Vi produserer 650–700 000 liter mjølk og bruker UREA Gjenbruk som einaste nitrogenkjelde.

Reduser gjødselskostnaden med minst 40%

UREA Gjenbruk er alltid minst 40 % rimelegare enn NS 27-0-0. Sjå prisar og berekn di besparelse.