top of page

Informasjon om svovel og ureasehemmer


Orientering til kunder og framtidige kunder:


Eg har møtt ca 500 gardbrukarar på dei orenteringsmøta eg har vore med på! Sidan oppstart i September 2022, har eg seld og har bestillinger på ca 550 tonn Urea Gjenbruk.

Eg har lova lenge å sende informasjon om svovel og ureasehemmer.


Mineralexpressen kan levere Gjødselsvovel, ein elementær svovel som vil fungere godt innblanda i husdyrgjødsla! Denne elementærsvovelen vil ikkje vere så utsatt for utvasking som anna svovel brukt i anna kunstgjødsel i følge Mineralexpressen.

Gjødselsvovelen inneheld 98 % Svovel ! I grasdyrking vil det vere behov for 3-4 kg svovel pr da. Eg har vore på mange bondesamlinger og orientert om Urea Gjenbruk, og har oppdaga at mange bruker for lite svovel!

Mineralexpressen sel i heile paller på 1000 kg, sekkene er 25 kg prisen var kr 9,50+ mva og frakt. Der vil kome litt justering pga endra valutta.


Du bør bestille omgåande, slik at dei veit kor mykje dei skal ta inn til lager!

www.mineralexpressen.no


Ureasehemmer:

Eg har sagt til ein del kunder, at eg håper å kunne tilby ein flytende ureasehemmer. Eg har ikkje fått det til for denne sesongen, men jobber videre!


Grønn Gjødsel sel Agrotain ureasehemmer, som NRL har brukt i forsøka med Urea Gjenbruk. Du treng 1 kg pr tonn urea du skal bruke, Grønn Gjødsel sel det kvanta du treng. Siste oppgitte pris er 450 kr pr kg + mva og frakt.

https://www.gronngjodsel.no


PRISEN PÅ UREA GJENBRUK VIL ALLTID VERE CA 40 % LAVERE ENN BRUK AV TILSVARENDE NS 27-0-0 GJØDSEL

bottom of page