Brukarveiledning

Slik bruker du UREA Gjenbruk

Ein praktisk gjennomgang av korleis du tar imot, lagrar og spreier UREA Gjenbruk på din gard.

1. Berekn nitorgenbehovet

Du vil ha bruk for like mykje nitrogen som du normalt har kjøpt inn. Ta omsyn til at UREA Gjenbruk inneheld 30 % nitrogen.

Ta gjerne kontakt om du ønskjer hjelp til å berekne behovet.

2. Lagring i gjødselkumme

Har du utandørs gjødselkumme og får levert UREA Gjenbruk utanom sesong, kan du tømme rett i kummen og røre opp rett før du køyrer ut om våren.

 

Tilfør 3–4 kg svovel per dekar per år. Du kan gi heile svovelmengda ved første gjødselkøyring om våren.

3. Gjer klar mottaksplass

Legg klar ein stor presenning eller bruk eit støypt område. UREA Gjenbruk leverast i container – vanlegvis 12–14 tonn per lass.

For dei som har gjødselkjeller under husdyrrom, tilfører du UREA Gjenbruk før du rører opp gjødsla rett før spreding.

Sjå videoklipp av levering og mottak

4. Ta nitrogenprøve

For å vere sikker på at du har rett mengde nitrogen bør det takast prøve. Eurofins kan analysere slike prøver.

 

Vi har testa ein nitrogenmåler som gir svar på 5 minutt. Denne fungerer godt og kan kjøpast hos:

Hektner Maskin AS

Reime Gjødselsystemer AS

5. Spredemetode

Bruk fanespreidar eller nedfeller. Det er viktig med nøyaktig spreiing av husdyrgjødsla.

 

Det kan lukte litt fiskeolje ved spreiing – dette er normalt.